Håndballcup Skiskole

Invitasjon

Sommarlandfestivalen- Musikkfestivalen for alle!

Vi arrangerer i 2018 vår 28.festival på rad, og inviterer til Sommarlandfestival helga 22.-24.juni!

Sommarlandfestivalen ønskjer å vere ein møteplass for ulike musikkaktivitetar retta mot barn og ungdom. Du er velkommen til vår festival med laget ditt enten du spelar i korps, strykeorkester, band, syng i kor eller er med i eit ensemble i kulturskulen.

Festivalen starter med marsjering fredag og avslutter med marsjering søndag. Lag som deltar kan også velje å vere med på konsertar laurdag og søndag, delta på drilllworkshop søndag med meire. Vi tilbyr også korseminar for kora som melder seg på. Det er opptil kvart enkelt lag å velje aktitvitetsnivå. Sjå påmeldingsskjema for oversikt over konsertar ein kan melde seg på.

I år er vi heldige og skal samarbeide med Korpsnett Norge om å arrangere NM i marsjering laurdag 23.juni. HM Kongens Garde kjem også og dei vil halde drilloppvisning. 23. juni er det også St.Hansaften, og Sommarlandfestivalen innbyr til feiring laurdagskvelden i Gullbring-amfi. Her blir det konsert, bål og grilling.

Vår festival gjer deg moglegheit til å oppleve både den musikkmønstringa ein musikkfestival skal vere og Bø Sommarland med sine varierte aktivitetar og tilbod. Bø Sommarland er eit svært populært reisemål med vannland, magasuget, berg og dalbane i vatn, den populære surfebølga, stort symjebasseng, samt ein mengde andre aktivitetstilbod. Heimesida til Bø Sommarland er: www.sommarland.no

 

Sommarlandfestivalen

22.-24.juni 2018

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish and tellUsPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.